Slutt for Bokn Taekwondoklubb

Klikk for stort bilete På grunn av lågt medlemstal valde årsmøtet 24. februar i år å legga ned klubben og melda seg ut av Norges Idrettsforbund. I følge Idrettens lovar og reglar, er klubbens overskytande og inneståande restmidlar overførte til Rogaland idrettskrets.

- Me hadde ikkje grunnlag for å driva vidare, fortel tidlegare styremedlem og initiativtakar, Jørn Hansen.

Klikk for stort bileteOppvisning under opninga av Bokn Arena 01.10.16 Jardar Havikbotn - Instruktøren vår kunne ikkje reisa heilt frå Stavanger for å trena to stk.

Taekwondoklubben blei stifta i 2015 og har på det meste hatt 25 medlemmar. Fleire av dei deltok i ulike meisterskap og hevda seg i noregstoppen i sin klasse. Kampsportklubben har hatt fleire oppvisningar i Bokn Arena, på store arrangement som opninga av bygget 1. oktober 2016 og på nasjonaldagsfeiringane i 2017 og 2018. 

Sjølvforsvarstrening

Bokn Taekwondoklubb er historie, men Jørn Hansen trenar ein gjeng i sjølvforsvar, Street Awareness og styrke på sundagane. Utstyr som taekwondoklubben kjøpte inn blir brukt til denne treninga. Rett før klubben blei lagt ned, kjøpte klubben inn to innebandy-mål til skulen. Dette blei gjort fordi klubben ikkje kunne gi dei overskytande midlane tilbake til kommunen.

Sjølvforsvarstreninga er gratis for alle frå 12 år og oppover. Interesserte kan ta kontakt på tlf. 47 44 42 21.