Skutefesten i Føresvik

kommunevåpenet - Klikk for stort bilete 25.juli fann Cruise in company – arrangementet i forbindelse med The Tall Ships Races 2018, stad i Føresvik. På folkemunne valgte vi å kalla dette for Skutefest på Bokn. Og festdag – det tykkjer vi at vi har lov å seia at det vart. Det var eit flott skue då Christian Radich la til kai tidleg om morgonen førre onsdag. Ikkje før klokka halv elleve onsdag kveld, etter ein flott konsert med Kvednabekkjers om bord i skuta, laksebuffe og drøs, rusla dei siste heim for dagen. Takk for at de satte av kvelden saman med oss i Føresvik, Kvednabekkjers!

Skutefesten i Føresvik 25. juli, der skuta Christian Radich var hovudgjest, blei ein stor og minnerik festdag!Svært mange vitja Føresvik denne dagen og det var blide og smilande menneske å sjå kor enn ein snudde seg. Vergudane viste seg også frå si særs gode side. Kommunen vil få takka alle besøkjande som tok turen til Føresvik og som bidro til at vi alle hadde ein fin dag saman.

Vi vil i tillegg særskilt takka alle frivillige lag og organisasjonar som blant anna lånte oss benker og bord i tillegg til andre bidrag, alle som rigga seg til med salgsbod og andre stands, skuter, småbåtar, sponsorar og samarbeidspartnarar!

Takk for støtta og samarbeidet!

Grieg Seafood

High Comp

Kystverket

Sjøfartsdirektoratet

Buksér og Berging

Bokn Plast

Coop Marked Bokn

Karmsund Havn

Toppidrettssjef Tore Øvrebø

Guide Birger Lindanger

Foredragsholder Sverre Meling jr.

Tom Inge Aksdal (foto/film)

Misje Collection (foto/film)

Sist, men ikkje minst lyt vi i denne samanhengen også takke  «Sløye-gjengen». «Sløye- gjengen» (Tormod Våga, Lars Sigmund Alvestad, Lars Magnus Alvestad og Ingar Larsen) sløydde fleire hundre kilo med laks som kommunen hadde fått frå Grieg Seafood, før laksen vart levert om bord i majestetiske Christian Radich. Vel framme i byssa vart laksen tilberedt av kyndig mannskap og timar seinare kunne vi gle oss over både Skutetallerken og laksebuffe.

Skutefesten var del av eit større The Tall Ships races 2018, Stavanger. For Bokn kommune sin del var det fyrste gong kommunen tok på seg arbeidet med å vera cruise in company hamn. Men, festlege dagar som dette festar seg på minnet – så kven veit? Kan hende ser vi fleire skuter i Føresvik om nokre år.

Det vil bli laga eit bildealbum frå festdagen.

Christian Radich ligg til kai i Føresvik - Klikk for stort bileteChristian Radich ligg til kai i Føresvik Tom-Inge Aksdal