Skulebasaren 2018

Frå skulebasaren 2016. - Klikk for stort bileteFrå skulebasaren 2016. Jardar Havikbotn Bokn skule inviterer til skulebasar nr. 16 i samband med TV-aksjonen, fredag 26. oktober kl. 10.00 - 12.30 i Bokn Arena. 

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gavmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg. M.a. vil 1. – 4. kl. synga og ordførar Tormod Våga vil halda appell.

Som vanleg er bygdafolk velkomne med gevinstar til basaren. Ina V. Tangen og Bianca Alvestad frå Bokn skule opplyser at desse enten kan leverast til skulen i løpet av neste veke (nr. 43), eller ein kan ta dei med seg på basaren.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det drøs, sal av kaffi, saft og heimebakst.

Velkommen!