Skeive gravstøtter

Illustrasjonsfoto av feltet framfor det gamle bårehuset.Mange gravstøtter er skeive og ikkje festa forskriftsmessig. 

Av Jan Magne Moi

Det skal vere to boltar til feste. Ein bolt er ofte ikkje nok til å halde steinen dersom steinen kjem for mykje på skakke. Veldig mange har ikkje bolt i heile tatt.

Denne vinteren har visst gjort endå meir utslag enn tidlegare år. Veldig mange gravsteinar står på skakke og det er berre eit tidsspørsmål før dei fell ned. Særleg feltet framfor det gamle bårehuset er ramma (illustrasjonsfotoet).

Det er viktig å feste gravstein forskriftsmessig. Dersom ein gravstein fell ned og skadar nokon, vil den som står registrert som ansvarleg for grava, stå med alt erstatningsansvar.

Eg oppmodar til å ha ein samtale i slekta og fordele utgifter slik at gravstøtta vert ordna.

Eg vonar at alle gravsteinane i Bokn blir retta opp og festa forskriftsmessig i 2017.

Jan Magne Moi
kyrkjeverje