Sjuåring bøsseberar for åttande gong

Ove Berge Christiansen

Ove Berge Christiansen er veldig klar for årets viktigaste sundagstur.

Ove Berge Christiansen med mamma Christine Berge Christiansen og pappa Kaj Arne Christiansen. Storebror Torbjørn (13) har også vore bøsseberar nesten heile livet. Han var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Ein kan trygt seia at andreklassingen har fått hjelpearbeid inn med morsmelka, og det kan ikkje vera mange sjuåringar i landet som har vore med på bøssebering heilt frå dei låg i mamma sin mage.

- Han har opp gjennom åra vore svært aktiv med å springa frå dør til dør og ringa på, med eit godt tak i bøssa, fortel pappa Kaj Arne.

- Å, komme du fra TV-aksjonen?
- Ja, seie eg, kjem det plutseleg frå Ove.

Det vesle skodespelet hans er eit døme på at dei aller fleste bøsseberarane opplever at mange er heime og ventar med pengane klare.

Mamma Christine viser meg eit bilde frå TV-aksjonen 2013. Då kom dei til eit hus der kaffi, saft og boller stod klare på eit fat. Då hadde den unge bøsseberaren blitt så glad at han til og med gav frå seg bøssa for ei lita stund.

Bokn Røde Kors

I år er det spesielt at pengane går til Røde Kors sitt arbeid. Orda Røde Kors er nemleg ord som blir nemnde ein del i huset til familien Christiansen. Kaj Arne fekk nemleg, saman med Kjell Frode Lie, Bokn kommune sin kulturpris i 2013, for å ha bygd opp Bokn Røde Kors til ein solid organisasjon i bygda. Han begynte i laget 13 år gammal, då dei starta i 1989. Den tidlegare leiaren av Bokn Røde Kors har også utanlandsteneste i humanitært arbeid bak seg, gjennom Forsvaret. I år 2000 var han med i sanitetstroppen, på militærambulanse i Kosovo

Ein sjølvsagt ting

For familen er det sjølvsagt å hjelpa andre menneske, og dei prioriterer TV-aksjonen kvart år. Sjuåringen kan også ramsa opp viktige stikkord frå TV-aksjonane dei to siste åra. 40-åringane seier dei har vore med så lenge dei kan hugsa, også lenge før ungane blei fødde.

- Så har me berre dratt dette me oss vidare, og nå har det blitt noko me skal gjera kvart år. Det er vårt humanitære bidrag, seier Kaj Arne, som er ambulansepersonell i Helse Stavanger - og Christine, som er vernepleiar i Tysvær kommune.

Blant fleire

Solidaritet og nestekjærleik er ikkje berre naturlege og innlysande ord for familien Christiansen på Bokn. Det finst mange godhjarta personar i bygda, som med eller utan barn, ofte år etter år, kjem for å vera med på verdas største dugnad. Desse folka er svært viktige for ein kommune som ligg i landstoppen i å samla inn pengar.

Ta godt i mot bøsseberarane på sundag!