Særdeles flott!

Jardar Havikbotn 27. august blei ein praktfull modell av Bokn Arena avduka i 2. etg. i fleirbrukshallen.

Bilde: Modellbyggar Dominik Slodkowski stod sjølv for avdukinga.

Superlativane hagla blant personalet på Boknatun, 1. etg., som hadde tatt lunsjpausen sin der den dagen. Den imponerande og detaljrike gåva må berre opplevast på nært hald.
Jardar Havikbotn

Erfaren modellbyggar

Sjølv seier opphavsmannen at modellen er ekstra fin når det blir mørkt. Då kjem dei 29 ledlysa som er brukte til sin rett. 36-åringen, som tidlegare har budd på Bokn i 9 år, har nå flytta tilbake til Polen, og bur her berre når han er sesongarbeidar i teknisk seksjon i Bokn kommune. På fritida dyrkar han den store hobbyen sin. Den erfarne modellbyggaren, som laga sin første modell som 16-åring, fekk tidlegare i år ein idé om å laga sjølvaste Bokn Arena i miniatyr.

200 timar

Starten på det fantastiske byggverket var at Dominik Slodkowski tok svært mange bilder av bygget. Han knipsa høgt Jardar Havikbotn og lågt. M.a. blei det brukt drone, både ute og inne. Materialen som er brukt er i hovudsak natural tre, steinar og plast. Alle figurane utanom bilane (kjøpte frå Tyskland) på parkeringsplassen er måla av han.

- Å laga til syklane tok spesielt lang tid, ler Dominik, som reknar med at heile prosjektet har tatt rundt 200 timar.

ARCHITECTURAL-MODEL.EU

Polakken har ei nettside under arbeid, som han reknar med blir ferdig seinare i haust. Der skal han m.a. legga ut Jardar Havikbotn mange bilder av tidlegare modellarbeider, mest frå Polen, men også frå Bokn - og sjølvsagt den flotte Bokn Arena. Det vil også bli mogleg for interesserte å bestilla ulike modellar frå Dominik Slodkowski.

Nokre detaljar er også utelatne i sjølve hallen. Du må studera nøye for å finna ut kva dette er.

 

Glimt frå bygginga og ein mørklagt modell. Foto: Dominik Slodkowski