Samspel, ansvar og framsnakking

Foreldremøte med Marco Elsafadi.

Dette var tre sentrale stikkord på foreldremøtet 15. mars, der Marco Elsafadi snakka om å bygga gode relasjonar, til ungdomsskuleelevar og føresette ved Bokn skule.

Fv. kommunalsjef tenester Ingunn Toft, rektor Wenche L. Havikbotn og undervisningsinspektør Frode Lindanger var godt nøgde med foredragshaldaren.

Møtet, obligatorisk for elevane i ungdomsskulen, var eit ledd i skulen sitt arbeid for å betra det psykososiale miljøet.

- Skal me lukkast er foreldra saman med elevane ein viktig faktor, seier rektor Wenche L. Havikbotn, som var svært nøgd med stort frammøte, engasjerande foredragshaldar og lydhøyre og engasjerte foreldre og elevar.

Konsulent Henning Aarekol, som har vore fast i elevmiljøet ein dag i veka sidan januar deltok også, og snakka om arbeidet sitt ved skulen. 

Foredragshaldar Marco Elsafadi er kjent for mykje, og kanskje mest som vinnar av «Mesternes Mester» på NRK i 2014. Han tok tak i både tema og tilhøyrarar, og viste kvifor han har fått prisar for foredraga sine.

Les også: Full aktivitet

Marco Elsafadi skrytte av dei frammøtte.

Elsafadi har tydelegvis fått ei stor naturgåve, for etter møtet sa han til meg at han ikkje hadde noko formell utdanning. Den storvokste basketballspelaren kallar seg for ungdomsarbeidar. Mannen, som held over 200 foredrag i året, fortalde at ingen var like.

- Dette blir ofte bestemt av kommunikasjonen med tilhøyrarane, sa han og skrytte av dei frammøtte.

Både foreldra og elevane fekk lekser på møtet, så vil det visa seg kven som er flinkast å gjera dei.