Samlerglede

Gamle leikebilar. - Klikk for stort bilete

Karmsund folkemuseum inviterer til januar-sundagar med samlarutstillingar og foredrag. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 12.01.2018

Samlarar og foreiningar viser fram samlingane sine i januar, og det blir nye samlarar kvar gong. Oppstart er sundag 14. januar, og då kan dei besøkande m.a. sjå på stein, My Little Pony, eggeglass, modelljernbane og miniatyrfigurar.

Andre sundagar blir det anledning til å sjå glansbilder, teikneseriar og leikebilar. Fleire av samlarane vil vera til stades under «Samlerglede» og klare til å svara på spørsmål frå publikum.

I tillegg til samlarutstillinga (PDF, 283 kB) arrangerer museet også ei foredragsrekke (PDF, 259 kB) som har samling som fellesnemnar.

Login for redigering