Samfunnsnyttige midlar

Ein glad gjeng, Henriette S. Lindanger (Bokn IL), Runa G. Schmeichler (Bokn IL), Lene Ognøy Foss (Sparebanken Vest) og Frode Våge (Bokn IL). Jardar Havikbotn Under årets 17. mai-arrangement i Bokn Arena fekk Bokn idrettslag VI-midlar frå Sparebanken Vest.

Representanten frå banken, Lene Ognøy Foss, hadde med seg prosjektmidlar frå bankens samfunnsutbytte til ny 3’er-fotballbane for dei minste, til nye turnapparat og til den kommande Bokn-cupen, til saman kr. 35.000.

- I Sparebanken Vest har me eit ønske om å bidra til å gjera livet på Vestlandet endå litt betre. De som er eldsjeler og frivillige skapar aktivitetar som er viktige for trivselen i lokalsamfunnet. Kundane våre skapar verdiar som gir oss moglegheit til å støtta Bokn idrettslag. Saman gjer me det betre!, sa Lene Ognøy Foss, og la til at Bokn IL er eit lag med mange spennande aktivitetar og frivillige som gjer ein stor innsats for heile boknasamfunnet.

Prosjektmidlar

Det er ein stor jobb å skaffa nok pengar gjennom året, her er dugnadsinnsatsen imponerande! Nye investeringar kan imidlertid vera litt tunge å få gjennomførte.

Lag og organisasjonar kan søka om midlar til sine prosjekt.