Salet går unna

Plakat, sal av Kultursoga Det er stor interesse for kultursoge-bøkene.

Før tredje salsdag av praktverket er omme, er det selt rundt 60 bøker. Mange ivrige lesarar har allereie sikra seg 1.247 siders lokalhistorie, med eit tidsspenn på over 13.000 år.

Blanke ark i band 1

Fleire har kommentert dei 15 blanke arka etter side 609 i det første bandet. Desse arka er ikkje spesielle for enkelte bøker, men gjeld alle - og band 2 startar også på side 610.

Grunnen er kort og godt tekniske årsaker, og det hadde blitt veldig dyrt å fjerna desse under trykkeprosessen.