Rydding i Kongshavn

Bianca Alvestad og Bjørn Nordhagen hadde 1. mai ei ryddeøkt i ei vik i Kongshavn. Resultatet blei åtte sekkar og fem, seks bildekk. Glimrande innsats!

Me er inne i Strandryddeuka, som er ein del av Nordisk strandryddedag som er et samarbeid mellom Danmark, Finland, Færøyene, Grønland, Island, Norge, Sverige og Åland.

Å veta at ein er blant svært mange andre nordiske havforkjemparar denne veka, inspirerer mange til å gjera ein innsats. Laurdag er Bokn sin årlege strandryddedag.

Du kan få sekkar og hanskar på Boknatun og på Coop Marked Bokn.