Ropar varsku

TRENAR: Geir Austvik legg ned mellom 400 og 500 timar i året, som trenar i både Tysnes IL og Njardar/Tysnes. Her oppsummerer han ein kamp for J12-laget i handball. Vetle Mikkelsen Fysioterapeut i Bokn, Geir Austvik, ropar varsku om barnehelsa. Les tankevekkande artikkel frå Tysnesbladet.

Saksa med løyve frå Tysnesbladet:

Det ein ikkje lærer dei første åra av livet, tar ein ikkje igjen seinare

Geir Austvik har testa motorikken til barn på Tysnes i fleire år. No er han bekymra.


Av Vetle Mikkelsen

– Som fysioterapeut testar eg førsteklassingane kvart år. Eg liker ikkje utviklinga, seier Geir Austvik.

Han er både fysioterapeut, trenar i Tysnes IL og Njardar/Tysnes, og engasjert i Senterpartiet lokalt.

Gjennom testane på førsteklassingane har Austvik sett ein negativ trend, når det kjem til motoriske evner hos førsteklassingane.

– Sjølv dei flinkaste førsteklassingane er ikkje flinke nok. Dei svakaste er det endå verre med, for dei fangar me ikkje opp i idretten, seier Austvik.

– Viss eg skal setta ting litt på spissen: Om 10-15 år er det ingen ungdommar som speler fotball, fordi dei ikkje meistrar det. Då snakkar ein om eit folkehelseproblem, viss folk sluttar å bevega seg heilt, seier tysnestrenaren, og legg til at fysisk og psykisk helse heng tett saman.

Tidleg innsats i barnehagen

– Kva kan ein gjera med det?

– Eg har ei klar meining om at i dei siste åra i barnehagen, så må ein bidra meir til fysisk aktivitet og trening, svarer Austvik.

Ifølge fysioterapeuten er det ikkje nok å berre gå tur i skog og mark; ein må òg trena på ting som bygger opp sansemotorikken tilstrekkeleg.

– Eg ønsker at nokre av pedagogane og assistentane i barnehagen stiller i treningstøy og gymsko, og har trening med barna, held Austvik fram.

– Det ein ikkje lærer dei første åra av livet, tar ein ikkje igjen seinare. Har me ein god innsats når dei er mellom fire og åtte år gamle, får dei helsegevinstar livet ut.

For lite leik i skulen

Også dei første åra av skulen er kritiske, meiner Austvik. Blant anna er han kritisk til seksårsreforma frå slutten av nittitalet, som bestemte at ein skulle begynna i første klasse som seksåring.

– Den gongen blei det sagt at det skulle vera mykje leikbasert pedagogikk, og ein mjuk overgang frå barnehagen. Slik har det ikkje blitt, seier han.

Ifølge Austvik sørger sentrale føringar for at ein må begynna tidlegare med faga, slik at det blir lite rom for leikbasert pedagogikk.

Han meiner ein heil skuledag med teori er vanskeleg for barna å takla.

– Ein har lopper i blodet når ein er fem-seks år gammal. Kroppen krev bevegelse, seier Austvik.

Spesielt er han bekymra for den aukande mengda teori på barnetrinnet:

– Det er eigentleg høgrepolitikk på sitt verste. Ein gjer endå meir av ting som ikkje funkar, seier senterpartisten.

Todelt skuledag

Austvik har nokre klare tankar om kva han sjølv ville endra i skuledagen til førsteklassingane:

– I staden for teori heile dagen, ville eg delt klassen i to. Den eine halvparten har fysisk aktivitet, den andre har vanleg teori, og så skifter dei. Då får dei halve dagen med leik og trening, og halve dagen med teori, forklarer Austvik.

Han trur dette vil hjelpa mot uro i klasserommet, og gjera det lettare for elevane å ta til seg kunnskapen frå faga.

Spesielt tenker han det vil kunna ha ein god effekt for gutane, som han meiner er dei som tapar mest på den teoritunge skulen ein har i dag.

– Eg trur eg har støtte blant lærarane, seier han.

Saknar kvalitet

Som lokalpolitikar frå Senterpartiet, set Austvik forslaga sine i kontekst med Senterpartiet sitt ønske om 1.-10.-skule på Gjerstad.

– Om me lagar 1.-10.-skule på Gjerstad, kan me laga verdas beste barnehage på Reiso, seier han.

– Eg saknar fleire visjonar og meir kvalitet i tenestene me leverer i Tysnes. Det vil kreva meir ressursar, men eg trur ikkje me har råd til å la vera.

– Me må skapa eit samfunn som ungar meistrar og har det greitt i.