RM-landeveg 2018

Det vil bli arrangert regionsmeisterskap i landevegsykling 2. og 3. juni. Arrangementet medfører nokre trafikkreguleringar.

 

Susanne Andersen under RM 2016. Jardar Havikbotn Bokn Sykkelklubb endrar ikkje på suksessoppskrifta frå to år tilbake og køyrer eit identisk arrangement, med individuell tempo på laurdagen og fellestart på sundagen. Start, mål, sekretariat, kiosk og parkering blir ved Kyrkjebygd kultur- og aktivitetshus.

Rittleiar Kjell Olav Skjelde håpar på besøk av nokre av landets beste ryttarar, og igjen laga god Bokn-reklame. For to år sidan var Susanne Andersen den største profilen, bildet.

 

Rittleiaren minner om at det vil bli nokre trafikkreguleringar første helga i juni:

Vegstrekninga Loten-krysset ved Boknabergsvatnet og Halvardskrossen blir stengt for biltrafikk i det aktuelle tidsrommet. Omkøyring vil bli Havnavegen. Ellers må trafikantane følga instruksane frå vaktane om kva for ein veg ein kan køyra. 

I forkant på fellesstartfeltet på sundagen vil det ligga motorsyklar og bilar. All trafikk skal gå med rittet og det vil vera vaktar i alle kryss.

Det vil koma meir konkret informasjon om trafikkreguleringane i dagane før rittstart.