Reguleringsplan for Vågaheia - endeleg godkjenning

kommunevåpenet - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Bokn kommune har i møte 25.04.2017 godkjent reguleringsplan for Vågaheia, med kart sist dagsett 27.02.2017 og tilhøyrande føresegner dagsett 27.02.2017, i samsvar med § 12- 12 i plan- og bygningslova.

Publisert av Gro Sørensen. Sist endra 12.05.2017

Planen viser område for bygningar og anlegg, anlegg for samferdsle og teknisk infrastruktur, grøntstruktur, landbruks-, natur-  og friluftsføremål og omsynssoner  m.v.

Godkjent plan med tilhøyrande føresegner er tilgjengeleg her:

Reguleringsplan for Vågaheia - endeleg godkjenning (PDF, 534 kB)

Reguleringsplan revidert 27.02.2017 (PDF, 2 MB)

Reguleringsplan Vågaheia - føresegner 27.02.2017 (PDF, 361 kB)

 Klagerett:

Kommunestyret sitt planvedtak kan klagast på til fylkesmannen. Klagen må sendast Bokn kommune, Teknisk etat, Boknatun, 5561 Bokn innan 3 veker frå dags dato.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg. Om innhaldet i klagen vert det vist til § 32 i forvaltningslova.
 

Krav om erstatning eller innløysing:

Mogelege krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova eller krav om innløysing etter § 15-2 må setjast fram innan 3 år frå dags dato.

 

Kåre Bua

teknisk sjef

Login for redigering