Redusert foreldrebetaling

Bokn barnehageFamiliar med bruttoinntekt som er lågare enn kr 473.000,- kan søke om redusert foreldrebetaling for barnehageplass i Bokn barnehage.

Maksimumssats for opphald i barnehagar er kr 2 580,- (for bruttoinntekter over kr 473.000,-) frå 1. mai 2015. Familiar med bruttoinntekt som er lågare enn kr 473.000,- kan søke redusert foreldrebetaling, og satsen skal då vere maks 6 % av brutto inntekt. Det er hushaldninga si bruttoinntekt som vert lagt til grunn. Inntil søknad- og inntektsdokumentasjon ligg føre, forblir foreldrebetalinga uendra. Inntektsgradert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknaden med alle vedlegg er motteke, og har ikkje tilbakevirkande kraft.

Gratis kjernetid for 4- og 5-åringer frå 1. august 2015

Frå 1. august 2015 har alle 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per uke. Frå 1. august er denne inntektsgrensa foreslått sett til 405 000 kroner. Inntekstgrensa skal vedtas av Stortinget i samband med det årlige budsjettarbeidet, på lik linje som maksimalprisen.

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass.

Søknad er kun gjeldande for inneverande barnehageår.

Søknadsskjema får ein ved å henvenda seg til Bokn barnehage.