Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

kommunevaapen

Søknad om redusert foreldrebetaling for barnehageplass i Bokn barnehage 2016/2017. Søknadsfrist: 10. juni 2016. 

Av Ingunn Toft

Maksimumssats for opphald i barnehagar er kr 2 650,- (for bruttoinntekter over kr 486 750,-) frå 1. august 2016. Familiar med bruttoinntekt som er lågare enn kr 486 750,- kan søke redusert foreldrebetaling, og satsen skal då vere maks 6 % av brutto inntekt. Det er hushaldninga si bruttoinntekt som vert lagt til grunn. Inntil søknad- og inntektsdokumentasjon ligg føre, forblir foreldrebetalinga uendra. Inntektsgradert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknaden med alle vedlegg er motteke, og har ikkje tilbakevirkande kraft.

Gratis kjernetid for 3, 4- og 5-åringer frå 1. august 2016

Frå 1. august 2016 har alle 3, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bor i hushaldninger med låg inntekt rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per uke. Frå 1. august er denne inntektsgrensa satt til 417 000 kroner. Inntektsgrensa vert vedteke av Stortinget i samband med det årlige budsjettarbeidet, på lik linje som maksimalprisen. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass.

Søknadsfrist er sett til 10 juni 2016 for å ha verknad frå 1. august 2016. For søknader etter 10. juni 2016 vert inntektsgradert foreldrebetaling gjeldande for månaden etter at søknaden er innlevert med alle vedlegg, og har ikkje tilbakevirkande kraft.

Søknad er kun gjeldande for inneværande barnehageår.

 

Namn på barnet:………………………………..

Født:…………………………………………….

Namn på føresett:……………………………….Personnr:…………………

Namn på føresett:……………………………… Personnr:…………………

Sivilstatus (sett kryss): Gift/sambuar/reg.partner: ……….

Einsleg: .……….

All inntekt skal dokumenterast.

Eg stadfestar at opplysningane er korrekte og fullstendige. Eg er innforstått med at feilaktige eller manglande opplysningar vil medføre full pris og ev. krav om etterbetaling. Eg pliktar å informere kommunen om endringar i bruttoinntekt eller sivilstatus i søknadsperioden. Eg samtykkar i at kommunen kan kontrollere oppgitte opplysningar om mine inntekts- og formuestilhøve hos Nav, skatte- og avgiftsmyndighetene.

Tal på vedlegg:  

Dato/Stad…………

Foresatte:…………………………..                     Foresatte:……………………….

 

Komplett søknad

Inntektsdokumentasjonen skal være maksimalt 1 måned gammel.

Godkjent inntektsdokumentasjon

-Legg ved siste års sjølvmelding og ev. dokumentasjon på andre kapital- eller personinntekter som ikkje oppført i selvmeldinga. -Er foreldra sambuarar/gift skal det leverast inntektsdokumentasjon frå begge foreldra. -Bur barnet sammen med ein forelder og dennes sambuar, skal det leverast inntektsdokumentasjon for både forelder og sambuar. Sambuar vert rekna frå første dag ein bur saman. -Er forelder ensleg, skal det leverast dokumentasjon på inntekt, overgangsstønad og eventuelt andre skattbare inntekter. -Er forelder enke(mann), skal det leverast dokumentasjon på inntekt, etterlattepensjon/barnepensjon og eventuelt andre skattbare inntekter.

For arbeidstakar: • Kopi av siste månads lønnsslipp eller • Ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram. • Ved permisjon utan lønn, skal dette dokumenterast. For sjølvstendig næringsdrivande: • Stadfesting fra regnskapsførar/revisor på forventa inntekt • Hugs: Både personinntekt og næringsinntekt skal tas med i grunnlaget for utmåling.

For arbeidsledige: • Kopi av siste utbetaling fra trygdekontoret/arbeidskontoret.

For studentar: • Kopi av studentbevis eller • Stadfesting frå skulen vedrøra skuleplass. • Dokumentasjon på overgangsstønad.

For sosialklienter/ flyktningar: • Kopi av siste utbetaling av introduksjonsstønad/kvalifiseringsstønad. • Om sosialhjelp/flyktninghjelp er eneste ”inntektskilde” skal det ligge føre stadfesting frå NAV.