Proff-trening

I KONKURRANSE: Tinna Jonsdottir Elizondo med hesten Peyr fra Kolneset. - Klikk for stort bilete Anny Høseby

Bokn ride- og kjøreklubb (BORK) tilbyr proff-trening av hest og ryttar annakvar onsdag. 

Bilde: I KONKURRANSE: Tinna Jonsdottir Elizondo med hesten Peyr fra Kolneset. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 17.03.2017

Treninga går føre seg på Krovågen hestesenter. Leiar i BORK, Amalie Våga, fortel at dei har fått til ein avtale med den islandske instruktøren Tinna Jònsdottir Elizondo. Ho gir instruksjon i dressur og gangartar, tilpassa alle hesterasar.

Konkurranseryttarar

Treninga starta ved årsskiftet, og har allereie resultert i at tre av klubbens medlemmer har debutert som konkurranseryttarar med islandshest. Kursa vil førebels halda fram til St.Hans og påmeldinga er bindande. 

Gruppa tel fem faste ryttarar og har plass til eit par ryttarar til. Interesserte kan kontakta Amalie Våga.

Login for redigering