Turbøker i Bokn.
Jardar Havikbotn
I 2019 blei det sett rekordar ved postkassebøkene på Boknahåve og Håklepp. Her får du også namna på vinnarane i åtte bøker.
Mange går tur i Bokn. Åtte turmål, som også er med i TellTur-prosjektet, har postkassar med bøker. Det er gledeleg at alle turane har god aktivitet.
Det er verdt å merka seg at Turstien snart har like mange besøk som Boknafjellet i løpet av eit år. Vil talet passera Boknafjellet i 2020?
Gledeleg er det også at fleire og fleire tar turen til Boknahåve, ikkje minst etter at skuleklassar m/foreldre har lagt fleire trebruer i traseen dei siste åra.
Oversikt, 2019
TURMÅL |
NAMN I BOKA |
MERKNAD |
VINNAR |
Boknafjellet |
5 078 |
210 færre enn rekorden frå i fjor. |
Celina Bokneberg, Bokn. |
Boknahåve |
503 |
Ny rekord. 30 stk. meir enn rekorden frå 2018. |
Marianne Hjertnes Steinsland, Bokn. |
Hognåsen |
495 |
Første heile år med bok. |
Anne Blikshavn Høyvik, Tysværvåg. |
Håklepp |
626 |
Ny rekord. Førre rekord frå 2018 var på 490 stk. |
Edith Sæbø, Bokn. |
Klepphaugen |
370 |
Første heile år med bok. |
Solveig Riise, Aksdal. |
Turstien |
4 736 |
Første heile år med bøker. |
Sonja Mikkelsen, Bokn. |
Vardafjellet |
1 782 |
490 færre enn rekorden frå i fjor. |
Gry Øvrebø, Bokn. |
Ådnaneset |
541 |
Begynte med bok 31.03.19 |
Randi H. Nilssen, Bokn. |
Gratulerer til alle vinnarane! Gåvekort a kr. 500 ved sportsbutikk blir distribuerte i løpet av dei nærmaste vekene.
Stor takk til June Kro, Arvid Sæbø, Agnes Sæbø og Anette Våga for all hjelp i samband med trekningane.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 18.02.2020 15.21