- Me gjekk til val på at det skulle bli eit breiast muleg samarbeid i boknapolitikken. Alle skulle få vera med. Dette vil me halda på og praktisera dei neste fire åra, fortel den nybakte ordføraren.
Tormod Våga legg til at det ikkje eksisterer nokon skriftlege avtalar. Det blir jamn valteknisk kontakt med alle parti i kommande periode. På eit møte mellom alle partia i går, 15. september, kunngjorde Bokn Senterparti dei demokratiske tankane sine for dei andre.
Tormod Våga, som vil kombinera ordførarstillinga med eit virke i Kystverket, seier at valresultatet ligg til grunn for fordelinga av representantar i utvala. SP får leiaren av forvaltningsstyret og AP nestleiaren. KRF får 1 representant i formannskapet.
Fordelinga i det nye formannskapet blir slik:
Bokn Senterparti |
3 representantar |
Bokn Høyre |
2 representantar |
Bokn Arbeidarparti |
1 representant |
Bokn Kristeleg Folkeparti |
1 representant |
Fordelinga i det nye forvaltningsstyret blir slik:
Bokn Senterparti |
4 representantar |
Bokn Høyre |
2 representantar |
Bokn Arbeidarparti |
1 representant |