Pianistar i UKM

Klikk for stort bileteRunar Alvestad sjarmerte med ung alder og talent med Ballade av Friedrich Burgmüller. Lillian Grønnestad Tre elevar frå Bokn kulturskule var med i UKM’s lokalmønstring for Tysvær og Bokn i Tysværtunet kulturhus, 15. februar.

Ole Johan Øvrebø, som også var med i fjor, framførte My Heart Will Go On frå filmen Titanic. Det var første gong Naol T. Lundervold og Runar Alvestad fekk spela på det flotte flygelet i Aksdal, Naol med stykket Friends av Marshmello og Runar med Ballade av Friedrich Burgmüller. Sistnemnde sjarmerte både jury og publikum med sitt talent og unge alder (10 år), og fekk stor applaus.

UKM er for dei mellom 13 og 20 år. Yngre deltakarar får vera med, men kan ikkje bli sendt vidare. Lærar Venevil Birkelund er svært nøgd med prestasjonane til elevane sine.

Ole Johan skal representera Bokn på fylkesmønstringa i Sandnes 5. – 7. april – lukke til!

Glimt frå mønstringa, foto: Mikael Strøm-Pedersen:

Ole Johan Øvrebø - Klikk for stort bilete
Naol T. Lundervold - Klikk for stort bilete
Runar Alvestad - Klikk for stort bilete