Nytt fjes i seksjon teknisk

Marielle Jensen

Marielle Jensen er fram til 17. juli prosjekttilsett som byggesaksbehandlar i Bokn kommune. 

25-åringen frå Bergen, busett i Sveio, er utdanna sivilingeniør i petroleumsteknologi ved NTNU i Trondheim. Pga. nedgangstidene i oljeindustrien er det for tida ingen relevante jobbar å søkja på for henne.

- Då må ein prøva andre ting, smiler Marielle, som sidan ho var ferdig utdanna i juni i fjor også har jobba i butikk. Eit år i militæret har ho også bak seg.

Det er mykje nytt ho skal setta seg inn i.

- Ja, denne månaden skal eg på kurs i byggesaksbehandling og i arkivering, fortel ei som har heldt på med hest store delar av livet. Konkurrert har ho også gjort, i dressur-ridning. Friluftsmennesket er ikkje framand for å ta pedagogikk og bli lærar i framtida. Men nå er det kommunal saksbehandling som gjeld.

- Eg føler forresten at eg sit litt på skulebenken nå også, avsluttar Marielle Jensen. 

Du finn henne i Servicetorg-området (gamle kontoret til SR-Bank Bokn).