Ny nettside

nettside.png

 Bokn kommune lanserer ny nettside i dag, 27. mai.

Nettsida er tilpassa alle skjermstorleikar og er tilrettelagt i tråd med dagens nasjonale krav til offentlege nettstader. Utover våren og sommaren vil websida få påfyll av nyttig innhald.

Skjema

Den nye nettsida er meir tilrettelagt for sjølvbetening enn tidlegare nettsider til Bokn kommune. Her vil du etter kvart finna dei vanlegaste elektroniske skjemaa i kategoriane Kultur, idrett og fritid, Opplæring, Organisasjon og Teknisk. Dette vil gjera kvardagen enklare og meir effektiv for både innbyggjarane og dei tilsette i kommunen.

Bokn Bygdablad er integrert i løysinga, men er ikkje klar til å visast enno. Difor kjem du førebels til den gamle sida når du klikker på terningen oppe til høgre.

Ordførar Kyrre Lindanger er godt nøgd med den nye nettsida.

- Arbeidet med å laga ei ny nettside for Bokn kommune har pågått ei stund, og eg er glad for at me nå har laga ein god grunnmur som me kan bygga vidare på. Den nye nettsida gir oss eit visuelt løft, samstundes som innhaldet blir presentert på ein ryddig måte. Målet har heile tida vore at nettsida skal bli enklare å bruka, men det har også vore viktig å laga ei plattform som legg til rette for elektroniske søknader og som fungerar like godt på mobiltelefon og nettbrett, som på tradisjonelle datamaskinar, seier ordføraren i ein kommentar.

Skriv gjerne i kommentarfeltet under artikkelen dersom du saknar noko i nettstaden.

Me håpar du vil få mykje nytte av Bokn kommune si nye nettside framover!