Ny medarbeidar

Førstesekretær Åse Helen Alvestad. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Åse Helen Alvestad er tilsett som førstesekretær i servicetorget på Boknatun. 

13. februar hadde boknaren sin første arbeidsdag. Dama er ikkje ukjent med arbeidet i servicetorget. Ho har tidlegare jobba her i 2,5 år.

Etter at dette kontoret har stått tomt nokre veker er det nå folk på alle kommunale kontor på Boknatun igjen. Me ynskjer Åse Helen Alvestad velkommen!