Ny giv i Bokn sanitetsforening

Generasjonsskifte, nytt styre - fv. Henriette Lindanger, Elisabet Taraldlien, June Kro, Berit Merete Øvrebø, Daghild G. Alvestad (leiar), Emilie Moi Eikje (nestleiar), Rakel Jansen Alvestad, Reidun Grønnestad (varamedlem). Bianca Alvestad (varamedlem) var ikkje til stades. Ann Kristin Torkelsen Det var feststemning på Allrommet, Bokn Arena, då rundt 50 kvinner hadde ekstraordinært årsmøte 12. november.

Nytt styre blei valt. Daghild G. Alvestad blei leiar og Emilie Moi Eikje nestleiar. Varaordføraren var også til stades.

Avtrappande styre fekk velfortente blomar og ein stor takk for fantastisk innsats opp gjennom åra. 

Avtrappande styre, fv. Reidun Grønnestad, Inger Sønnøve Bokneberg, Hilde Skeie, varaordførar Lene Ognøy Foss, Astrid Almås, Marit Øvrebø og Elly Borgenvik. Daghild G. Alvestad   - Me bøyer oss for den formidable innsatsen dei har bidratt med, saman med mange aktive medlemmer, og me er ydmyke og takknemlege for at dei vil vera med vidare, fortalde den nye leiaren, som var svært glad for det store oppmøtet.

- Me gler oss til å ta fatt, sa Daghild G. Alvestad.

Mot slutten?

I februar i år sende styret ut ei melding om at det kanskje gjekk mot slutten for den tradisjonsrike foreningen, stifta 13. november 1937 – Gratulera med 82 års dagen!

Heldigvis fekk sluttspekulasjonane ein lykkeleg slutt!