MOT til å glede

Frå MOT til å glede-dagen - Klikk for stort bilete Som MOT-skule markerte Bokn skule MOT til å glede-dagen 23. november. Det blei delt ut bollar til alle skuleelevane, barnehagen, sjukestova, omsorgsbustadene og til tilsette i kommunen.

Ungdomstrinnet og MOT-coach`ane Henriette Lindanger og Bianca Alvestad har vore ansvarlege for dagen. Då 10. klasse hadde tentamen, blei det berre 8. og 9. klasse som var med på markeringa.

- Dagen handlar om å skapa og spreia glede, og mottoet er å gjera dette med enkle midlar, seier Bianca Alvestad.

Fra MOT til å glede-dagen 2018. - Klikk for stort bilete Elevene hadde også laga og delte ut små lappar med hyggeleg tekst. Det blei spreidd mykje glede i morgontimane i dag. I barnehagen fekk MOT-gjengen vera med på samling med dei minste som song for dei. Dette var stor stas! (bildet)

Varmare og tryggare miljø

MOT ønsker å bidra til å skapa varmare og tryggare miljø. Det kan kosta litt mot å gjera noko ekstra for å spreia litt glede, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor!

- Det å seia hei, smila og ønska andre ein fin dag kan for dei fleste utgjera ein stor positiv forskjell, seier Henriette Lindanger.

Fleire glimt frå dagen. Foto: Henriette Lindanger og Bianca Alvestad.

Fotograf: Henriette Lindanger_Bianca Alvestad Fotograf: Henriette Lindanger_Bianca Alvestad Frå MOT til å glede-dagen 2018. | Fotograf: Henriette Lindanger_Bianca Alvestad Fotograf: Henriette Lindanger_Bianca Alvestad