Medaljefangst

Frå Ål 5.-7. mai 2017

Bokn Taekwon-Do Klubb var i helga med på sin første individuelle konkurranse og tok heile åtte medaljer. 

Bilde fv, Odin S. Hansen, Kelly Vatnaland, Lena S. Tjøsvoll og Noah Bothe.

Frå Ål 5.-7. mai 201718386676_1812474715736968_179974666_n.jpg18386676_1812474715736968_179974666_n.jpg18386676_1812474715736968_179974666_n.jpg

Klubben, som blei stifta i februar i fjor, reiste 5. mai til Ål for m.a. å sjå kor fleire av medlemmane var i forhold til andre. Tre gull, tre sølv og to bronse seier sitt, og klubben fekk tilbakemeldingar om at fleire ville vera på landslagsnivå viss dei held fram.

Oppvisning på 17. mai

Mange fekk med seg oppvisninga klubben hadde under opninga av Bokn Arena i fjor. På nasjonaldagen vil fleire av medlemmane ha oppvisning på scenen ca. kl. 15:40.

Initiativtakar og styremedlem Jørn Hansen fortel at klubben har eit breitt alderspenn frå 6 til 67 år av begge kjønn, og at det er ein sosial sjølvforsvarssport.

Blant dei største klubbane

Bokn Taekwon-Do Klubb er med i forbundet ITF Taekwon-do Norway. Med 23 medlemmar er Bokn ein av dei største klubbane. Den øvste leiaren heiter Master Ray Nikolaisen. Han har 8. dan og bur i Tromsø (Dan er graden av sort belte). Hovudinstruktøren er Ervin Bonilla, som bur på Ål og som også er trenar for landslaget. Ronny Karlsen, 3.dan og busett i Stavanger, er den daglege instruktøren til klubben frå Bokn.

Gle deg til 17. mai!


Bilde: Frå Ål, 5. - 7. mai. Foto: Jørn Hansen