Markering for lang tenestetid

Jardar Havikbotn Under julelunsjen for kommunalt tilsette 21. desember blei det delt ut gratiale for 25 og 15 års teneste. 

Rådmann Jan Erik Nygaard heidra frå venstre på bildet: Marit Elin Våge (25 år) og Oddrun Nilssen (15 år).

Torny Rossebø (25 år),  Elise Marie Bryningsland (15 år) og Torunn Skjelde (15 år) var ikkje til stades då bildet blei tatt. 

Hendinga blei som vanleg pakka inn av ein velsmakande julelunsj, julepakkar og drøsetid.