Alderen på huset er eitt av fleire forhold. Det er eit år sidan det blei foretatt husdatering av kårhuset og røykstova på Laupland.
- Her fekk me ikkje det svaret me ønska, fortel museumsdirektør Mads Ramstad.
Mangelfulle
Det viste seg at dei fleste prøvane var for mangelfulle til å få ei sikker datering; for mange skader/brot.
I ein rapport frå Nasjonallaboratoriene for datering på NTNU Vitenskapsmuseum i Trondheim heiter det at berre to prøvar lot seg tidfesta, og det var at ytterste gjenverande årring var frå 1815 og 1804.
- Me ønsker å få til ei ny prøvetaking i løpet av sommaren som kjem. Håpet er å finna «heil ved» å ta prøvar av, slik at me får ei sikrare datering, seier Mads Ramstad og legg til at nøkkelen til ei vellukka datering vil vera å få komplette prøvar av tømmerstokkar med eit stort antal årringar (> 100 år) og prøvar med barkkant.
Datering av hus eldre enn 1660
Rogaland fylkeskommune har varsla eit prosjekt for å få datert hus eldre enn 1660 i Rogaland. Haugalandmuseet har meldt inn røykstova, og ber om at det også blir tatt nye prøvar av kårhuset.
- Me håpar på positive nyhende om dateringa i løpet av året, avsluttar museumsdirektør Mads Ramstad.
Du vil kanskje også lesa dette:
Nytt tak
Antikvarisk oppmåling