Mamma Mia for ein kinostart!

Bygdekinoen startar opp hausthalvåret fredag 10. august.Kinoplakat, 10. august - Klikk for stort bilete

Det er ABBA-feber igjen. Musikalkomedien Mamma Mia 2 inneheld morosame forviklingar og ein haug med ABBA-hits. I tillegg skal evigpopulære Karsten og Petra på skattejakt, så dette blir ein kjempekveld i Auditoriet!

Takk til 9. kl. m/for.

Bokn kommune held fram det gode samarbeidet med 9. klasse m/for. når det gjeld kiosk- og kinovaktordninga. Driftsansvar for Petra fritidsklubb blei også, som ei prøveordning førre skuleår, lagt til denne gruppa, etter at barne- og ungdomsarbeidarstillinga i kommunen hadde blitt avvikla. 

Dette fungerte så bra at kommande skuleårs 9. kl. m/for. også har fått tilbod om dette engasjementet, og takka ja. Me tar sikte på oppstart av fritidsklubben 31. august.

Honoraret klassen mottar frå Bokn kommune i samband med kino- og Petradrift, går til klasseturen deira i 10. klasse.