Lønsamt engasjement

1. - 4. klasse fekk ei overrasking 13. juni. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn 13. juni fekk 1.-4. kl. ved Bokn skule premien for beste innslag i årets 17. mai-tog.

Populært med is til dessert. - Klikk for stort biletePopulært med is til dessert. Jardar Havikbotn Lærarane i småskulen valde å kjøpa pizza og is til elevane for premiepengane. Gleda i elevgruppa var stor då dei fekk servert overraskinga i gymsalen midt i veke 24.

Var med heile vegen

Med håp om å få mykje liv i toget, varsla 17. mai-komitéen om premie til beste innslag gjennom heile togruta. Med i konkurransen var barnehagen, småskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Ein «dommar» gjekk midt i toget og registrerte engasjementet, og til slutt stod det mellom småskulen og mellomtrinnet. Det som blei avgjerande var at i småskulen var alle elevane med til siste stoppestad. 

Det løner seg altså å vera med heile vegen. Ein skal ikkje sjå bort i frå at konkurransen kjem att neste år.