Lokal kunst

May Jorunn Vatnaland med favorittbildet sitt, Geitungen fyr Jardar Havikbotn Over 100 personar var innom debututstillinga til May Jorunn Vatnaland i Bokn Arena, 2. etg. den 30. nov. Kunstnaren er overvelda over god respons og mykje skryt. 18. nov. var det bokslepp med lokal diktar Kjetil E. Hamre.

- Dette gav meg meir tru på meg sjølv som målar, seier May Jorunn Vatnaland, som berre har halde på i drøyt halvanna år, etter eit 12-timars kurs med kunstnaren Brian Wallace i Haugesund, nokre nettbaserte kurs og YouTube-info. Bratt læringskurve med andre ord.

Jenta med paraplyen

Rundt halvparten av dei 55 måleria som var med i utstillinga blei selde. Blant bilde som blei markerte med fleire lappar var det med ei jente på motiva - allereie ein liten favoritt for fleire kunstinteresserte. Kven veit, kanskje blir denne jenta ein logo for 52-åringen?

Jenta med paraplyen Jardar Havikbotn - Jenta med paraplyen dukkar gjerne opp på andre motiv framover, smiler ho lurt.

Målar etter foto

Sjølv har ho måleriet av Geitungen fyr sør for Skudenes som favoritt. Det er måla etter eit fotografi av Tom-Inge Aksdal. Dama i Boknatunvegen målar nemleg etter foto, og tar dei fleste bilda sjølv.

Orda frå Brian Wallace, You have to paint what you see, meiner ho er viktige å hugsa på når ho arbeider. Det går i akrylmåling på lerret, men også paspaturplate blir brukt. May Jorunn lagar også abstrakte bilde – sjølvsagt ikkje etter foto, og hadde tre av desse med seg på utstillinga.

- Eit bilde kan ta alt frå tre timar til aldri å bli ferdig, fortel ho.

Sjø og hus er favorittmotiv, og dersom motivet får spegla seg i sjøen, trivst ho spesielt godt.

Bestillingar

May Jorunn, tlf. 95062816, som er frå ein kreativ familie (her kan nemnast onkelen hennar, avdøde Ottar Håland og søskenbarnet Ellen Hognaland Hatteland i Vats), fekk fleire bestillingar 30. nov. og tar gjerne imot fleire.

- Folk kan koma med foto om dei vil, eller ev. ønsker om fargenyansar for abstrakte måleri, avsluttar May Jorunn Vatnaland, som jobbar halv stilling i Bokn kommune ved sida av den store hobbyen sin.

Utstillinga gav henne meirsmak og det blir nok fleire utstillingar, stadfester ho.

Glimt frå utstillinga

Bokslepp 18. nov.

November 2019 var månaden for lokal kunst. Arrangement med lokale kunstnarar i bygda er sjeldan vare. Poeten Kjetil E. Hamre, også busett i Boknatunvegen, hadde sitt femte bokslepp den 18. Denne gongen var det lansering av den siste boka, Vindens kjærteikn. Underteikna var som vanleg med og spela div. instrument, både live og på lydfil.

Første del gjekk føre seg i Auditoriet, der åtte dikt blei framført med tonefølge. Dei fire første; Onna Dynå, Du Kan Ikkje For Det, Sjanse og Pusleverden var frå Vindens kjærteikn. Det var diktaren sjølv som song.

Andre del var på bilblioteket, med mat, sosialt samvær, diktopplesing ved hjelp av terning, sal og boksignering.

Boksleppet blei av ulike grunnar arrangert etter at diktaren hadde stand på julemessa i Bokn Arena. Dette var mogleg ei medverkande orsak til den dårlege oppslutninga. Berre ni personar møtte opp.

Glimt frå boksleppet