Lita jente gav mest

Logo Kirkens nødhjelp

Tysdag 4. april var konfirmantane på dørene i Bokn for å samle inn til fasteaksjonen.

Av Jan Magne Moi, kyrkjeverje

Bøsse frå Fasteaksjonen 2017

Dei melde om god mottaking i heimane, men det merkast at det er mindre kontantar blant folk. Innsamlinga gav 15 826 kr. i kontantar, men det kom også 1 365 kr. via VIPPS. Dette gir resultat 17 191 kr. som er litt mindre enn i fjorårets 19 544 kr. Men meir kan kome på gudstenesta Palmesøndag!

I ein av heimane fortalde ei lita jente at ho også hadde pengar. Mora måtte finne fram sparebøssa og høgtideleg vart nokre myntar lagt i innsamlingsbøssa. Tatt i betraktning av kor mykje ho eigde, var nok ho truleg den som gav mest på innsamlingsaksjonen.

Tusen takk for alle små og store gåver.