Ledig ungdomsbustad

Ørjan Pedersen Det er ledig ein ungdomsbustad med eitt soverom på Øyrenfeltet, Austre Bokn, med søknadsfrist 30.09.19.

Ungdom i alderen 18-35 år kan søkja om å leiga ungdomsbustad. Kommunen vurderer innkomne søknader og tildeler bustad etter kriterier hjå Husbanken.

Det blir kravd depositum lik to husleiger. Med atterhald om endringar er leiga for tida kr. 3 148,- pr. mnd. Straum kjem i tillegg. Husleiga blir indeksregulert kvar 1. januar.

Søknaden skal sendast Bokn kommune og søknadsfrist er 30. september 2019.

Spørsmål? Kontakt Anne Grethe A. Osvåg, tlf. 52 75 25 80/46 86 18 66.