Ledig ungdomsbustad

Ungdomsbustader - Klikk for stort bilete Det er ein ledig ungdomsbustad med to soverom på Øyrenfeltet, Austre Bokn, med søknadsfrist 25.02.18.

Ungdom i alderen 18-35 år kan søkja om å leiga ungdomsbustad. Kommunen vurderer innkomne søknader og tildeler bustad etter kriterier hjå Husbanken.

Det blir kravd depositum lik to husleiger. Med atterhald om endringar er leiga for tida kr. 4.024,- pr.mnd eks. straum. Husleiga blir regulert kvart år om hausten. Moglegheit for å koblast opp til altibox.

Søknaden skal sendast Bokn kommune og søknadsfrist er 25. februar 2018.