Ledig stilling som kokk m/ fagbrev

Vi søkjer ein matglad kokk som likar å yte god service og som likar å skape gode opplevingar for våre brukerar inne på institusjonen og til heimebuande som mottar tilbod om middag. Du er interessert i å lage ekte heimelaga mat ved bruk av gode råvarer, og du har eit ynskje om å arbeide på eit institusjonskjøkken.

Vi ynskjer fyrst og fremst at at du har fagbrev som kokk, men vi er open for at andre som har stor interesse for faget og er flink til å lage mat, kan søkje på stillinga.

Pleie- og omsorg jobbar for tida med eit ernæringsprosjekt, og 20% av stillinga er knytt opp mot dette.

Prosjektet er i tråd med eit av innsatsområda i reformen Leve heile livet: "Leve hele livet er en reform for større matglede, enten du bur heime eller på sjukeheim eller sjukehus. Den skal gjere måltidet til ein begivenhet i kvardagen, sørge for fleire måltider gjennom døgnet og sikre god ernæring med gode kokker og lokale kjøkken". Som deltakar av prosjektet skal du mellom anna vere med og planlegge måltidsendring på institusjonen, utarbeide informasjonsmateriell til brukerar, pårørande og ansatte, delta i opplæringa av personalgruppa i pleie- og omsorg og elles anna arbeid prosjektgruppa er satt til å gjere.

Om arbeidsstaden

Som kokk i pleie- og omsorg har du ansvar for å lage mat til institusjonen sine bebuerar, og til heimebuande som har fått vedtak på middagsutlevering.

Vi har nettopp gjennomført ei toal renovering av institusjonskjøkkenet, og kjøkkenet framstår i dag som ein moderne arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Kunne gi gode matopplevingar for brukerane våre
Gjennomføre bestillingar og innkjøp av råvarer
Tilberede gode råvarer i tråd med oppskriftene
Være pådrivar i arbeidet med matsikkerhet og handtering av svinn
Vere aktiv deltakar i ernæringsprosjektet vårt

Kompetansekrav

Lidenskap for yrke
Bransjeerfaring
Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
Beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

For å arbeide som kokk hos oss må du motiveras av å skape gode matopplevingar for brukerane våre. Du har eit oppriktig ynskje om å gjere desse fornøyde, og gir gjerne det lille ekstra for at dette målet vert nådd. Som person er du organisert og effektiv, og du trives med å lage heimalaga mat. Vi ser etter deg som trives med mennesker rundt deg, og som behalder smilet sjølv om det er hektisk.

Arbeidsgjevar tilbyr

Lønn etter tariff
Pensjonsordning
Ein hektisk og spennande kvardag, der du har stor påverkningskraft på arbeidsdagen

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.