La deg inspirere!

Teaser, Inspirasjonsdag 08.01.18 - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Digitaliseringa av samfunnet går stadig fortare. Bokn kommune ynskjer ALLE med.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 16.11.2017

Kommunen inviterer difor til Inspirasjonsdag 8. januar 2018 med mål om å inspirere til å bli ein tryggare og gladare digital innbyggjar og medborgar.

Kjend inspirasjonsfigur

Ein av dei som er henta inn for å inspirere oss er ingen ringare enn Knut Lystad, kjend frå både KLM, Brødrene dal og Karl og co. Lystad tek oss gjennom inspirasjonsforedraget: Knut Lystad og Mysteriet om den hemmelige Jakten på KLM`s teknologiske utvikling.

Spenn lattermusklane og bli med!

Detaljert program kjem; set av datoen no!

Login for redigering