Kyrkjevalet, førehandsrøysting

Det er no mogeleg å førehandsrøyste på kyrkjevalet. Det gjer du på Boknatun i Servicetorget kvardagar kl. 8.30 – 15.00.

Valdagen, 9. september, vil kyrkjevalet skje på Boknatun med same opningstid som dei politiske vala kl. 9.00 – 20.00.

Det skal røystast på kandidatar til soknerådet i Bokn. Lista har lege ute på heimesida i Bokn og vil dessutan bli lagt ut i postkassane før valdagen. Det er høve til å kumulere/gje ekstra stemme til dei personane du vil ha inn. (Ekstrastemme til inntil 3 personar.) Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.

Det er også høve til å røyste på kandidatar til bispedømmerådet. Her er tre ulike lister. Du må velje ei av dei, men det er høve til å kumulere over frå ei liste til ei anna. Du kan også gje ekstrastemme ved å krysse av framfor kandidaten. Du kan gje ekstrastemme til inntil 3 personar. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.

Listene til bispedømmerådet er:

Liste utarbeida av Nominasjonskomiteen

Liste utarbeida av Åpen folkekirke

Liste utarbeida av Bønnelista

Kandidatar, soknerådsvalet 2019