Kyrkjekonsert

Andrea Rice Band held konsert i Bokn kyrkje onsdag 4. juli kl. 19:00.

Publikum vil få høyra vakre irske folkesonger og livlige folketonar. Dagen etter vil ho også halda konsert for sjukestova/Dagsenteret.

Den irske artisten Andrea Rice er på sommarturné i Noreg og gler seg til å koma til Bokn, som er ein av 15 stader i landet som får besøk. Ho opptrer gjerne på ein liten plass i staden for store arenaer.

- Då får eg eit spesielt nærvær til publikum, som er viktig for at folkesongane skal bli den «storytellinga» dei er meint å vera, seier Andrea Rice .

Folkeleg formidlingsglede

På tidlegare sommarturnéar har ho erfart at særleg dei eldre blant publikum set stor pris på den folkelege formidlingsgleda hennar, sjølv om dei ikkje alltid forstår språket. Dette har ført til at ho har honnør-billettpris for dei eldste på konsertane sine.

Andrea Rice er blant Irlands beste og mest etterspurde «Folk and Ballad» live-artistar. Ho er både songar og musikar (gitar og irsk harpe), og har med seg ektemannen Fee Dobbin (bass og bohran) og dotter Aoife Dobbin (fele).

Billettar ved inngangen, kr. 250 - honnør kr. 200.

Velkommen til ei fin sommarstund i kyrkja!