Kvifor er det viktig?

hovedlogo-tva-2015.pngHer får du veta kvifor det er viktig å støtta årets TV-aksjon. 

Banner: Vi skal vokte regnskogen

Kvifor er øydeleggingar av uerstatteleg regnskog eit av dei mest alvorlege, globale problema i vår tid?

  • Regnskogen lagrar milliardar av tonn karbon i vetasjonen sin og dermed reduserer han menneskeskapte klimaendringar.
  • Regnskogen tar vare på over halvparten av alle dyre- og planteartane som gjennom tidene har utvikla seg på landjorda.
  • Mange viktige medisiner har opphavet sitt i regnskogen.
  • Og ikkje minst pumpar regnskogen varm og fuktig luft frå ekvator til oss i Noreg og bidrar til å skapa klimaet vårt.  

Kva vil øydeleggingane av regnskogen føra til?

  • Alvorleg og dramatisk global oppvarming.
  • Meir ustabilt ver; forstyrra nedbørsmønster og fleire naturkatastrofar.
  • Dei 260 millionar menneska som bur i regskogen mistar heimen sin.
  • Matplanter og geneteiske ressursar som m.a. kan vera med å utvikla viktige medisinar i framtida forsvinn.

Banner: Vi skal vokte regnskogenRegnskogfondet samarbeider tett med dei som bur i regnskogen, som består når urfolk får rettane til sitt eige landområde. Folket får opplæring i rettane sine, advokatbistand, skogovervakingshjelp og utvikling av alternative inntektsvegar.

Bli bøsseberar!

18. oktober kan du vera med og redda nokon av verdas viktigaste regnskogområde i Amazonas, Sentral-Afrika og Asia, eit område større enn Noreg og Danmark til saman. Sidan den andre verdskrigen er regnskogen blitt halvvert. Utan di hjelp kan det vera for seint å redda det som er igjen.

Du kan melda som bøsseberar til kulturkontoret, ring eller send SMS til 98 22 15 08.

Kjelde: Regnskogfondet