Kva skjer?

Kulturkalender-illustrasjonKulturkalenderen har fått påfyll. 

Sommarsolverv er som kjent forbi og kalenderen ser fram mot jul. Alle politiske møte og fleire andre arrangement har vore på lista heilt sidan i vinter, men nå er også kjende hendingar frå det kulturelle årshjulet i Bokn på plass - som t.d. haustens bingoar, auksjon, gudstenester, bedehusaktivitetar, julemesse og Luciafest.

God søkefunksjon

Visste du at du kan søka i kalenderen? Trykk på Vis alle og du får m.a. opp ein Filter-meny (brukar du mobil ligg denne menyen under alle arrangementa). Her kan du filtrera i dei ulike kategoriane samt eksperimentera i dei ulike søkefunksjonane. Under Fritekstsøk kan du også skriva eit stikkord på det du er på jakt etter.

Du blir som regel ikkje skuffa - prøv deg fram!