Kulturminneregistrering

Birger Lindanger, tv. og Hans Faye på veg ut til digital kulturminneregistrering.I samband med at Bokn kommune jobbar med å laga ein kulturminneplan, blir det nå sett i gong eit registreringsarbeid av eldre bygningar og andre faste kulturminne. Birger Lindanger og Hans Faye er engasjerte i dette prosjektet.

I 1986 blei fleire hundre bygningar og andre faste kulturminne i Bokn frå før 1900 kartfesta, oppmålte og fotograferte. Dei blei ein del av eit landsdekkande register, SEFRAK (SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminner).

Nå skal Bokn sitt register ajourførast og kompletterast. Planen er også å ta med aktuelle bygg fram til 1950. Registreringa vil skje digitalt, ute i feltet. Dei respektive grunneigarane vil kontaktast før dei får besøk.

Kom med forslag!

Viss du har forslag til kulturminne som bør omtalast i Bokn sin kulturminneplan, ta kontakt med kulturkontoret, Hans Faye eller Birger Lindanger.