Kulturmidlar 2019

Ordførarklubba på blå botn. - Klikk for stort bileteBokn formannskap fordelte i møte 4. juni årets kulturmidlar. Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte. Kr. 150.000 blei fordelte. 

Bokn bedehus, Bokn historielag, Bokn KFUK/KFUM-speidarar, Bokn musikkorps, Bokn mållag, Bokn pensjonistforening, Bokn ride- og kjøreklubb og Bokn skyttarlag fekk det dei søkte om. Sistnemde lag fekk ein liten auke sidan i fjor.

Bokn idrettslag og Bokn SK fekk ein stønadsauke.

§7-midlane for 2019 gjekk til Bokn SK sitt klubbhusprosjekt. 
 

Oversikt
Lag/organisasjon

Fordeling
2018

            Fekk
2019
Bokn bedehus 3 000 3 000
Bokn historielag 3 000 3 000
Bokn idrettslag 30 000 33 200
Bokn KFUK-KFUM 30 000 30 000
Bokn musikkorps 20 000 20 000
Bokn mållag 3 000 3 000
Bokn pensjonistforening 3 000 3 000
Bokn ride- og kjøreklubb (BORK) 11 000 11 000
Bokn skyttarlag 3 000 3 800
Bokn sykkelklubb 18 000 30 000
     
Bokn SK sitt klubbhusprosjekt §7-spesielt tiltak 10.000