Kulturmidlar 2019

Klikk for stort bileteFristen for å søka om tilskot til kulturarbeid (driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 15. april.

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.

Ha vedlegga klare

For søkarar er det lurt å ha klart det som skal lastast opp FØR dei går inn i det digitale søknadsskjemaet. Nokre av postane kan nemleg mista data dersom det går 20 min. utan aktivitet. Det du må ha klart er:

  • Rekneskap 2018
  • Budsjett 2019
  • Medlemsliste pr. 01.01.19

Ein kan også lasta opp andre ting dersom ein ynskjer dette.

Velforeningane i kommunen og Petra fritidsklubb mottar automatisk årlege drifttilskot frå kommunen og treng ikkje søka.

Slik gjer du

Gå inn i søknadssenteret og velg skjemaet Søknad om tilskot til kulturarbeid. Dersom du ønsker å kunna mellomlagra søknaden din før du sender han inn, logger du deg inn først. Dette gjer du oppe til høgre på sida. Det enklaste er då å velga Logg inn med ID-porten (Bank ID) som dei fleste brukar i dag. 

Søknadsskjemaet er stort sett sjølvforklarande, men det er laga ei rettleiing til enkelte av punkta (PDF, 258 kB).

§ 7 - støtte til eit spesielt tiltak

Kr. 10.000,- går til eit spesielt tiltak. Midlane går til den søkjaren som Formannskapet meiner har den beste søknaden. Dette gjeld ikkje vanleg drift, men større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar.

Dei som søker om §7-midlar må hugsa på å kryssa av for dette i søknaden. Sjå rettleiinga for meir info.

Spørsmål om utfylling av søknadsskjemaet kan rettast til Jardar på kulturkontoret - 52752508 - 98221508.