Kulturmidlar 2018

KommuneblåKlubbe.jpg - Klikk for stort bilete Bokn formannskap fordelte i møte 5. juni årets kulturmidlar. Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte. Kr. 150.000 blei fordelte. 

Bedehuset, Historielaget, Speidarane, Musikkorpset og Mållaget fekk det dei søkte om. Bokn idrettslag, Pensjonistforeningen, BORK, Skyttarlaget, Sykkelklubben og Taekwon-Do-klubben fekk det same som i fjor.

§7-midlane blei i år delte mellom Bokn historielag og Bokn musikkorps, med 5.000 kr. kvar - støtte til Bokn historielag sitt bokprosjekt, «Bokn i bilete gjennom 150 år» og Bokn musikkorps sitt «Musikkorpsenes år 2018 – prosjekt 17. mai».

Oversikt
Lag/organisasjon Fordeling 2017 Fekk 2018
Bokn bedehus 3.000 3.000
Bokn historielag 3.000 3.000
Bokn idrettslag 30.000 30.000
Bokn KFUK-KFUM 25.000 30.000
Bokn musikkorps 15.000 20.000
Bokn mållag 3.000 3.000
Bokn pensjonistforening 3.000 3.000
Bokn ride- og kjøreklubb (BORK) 11.000 11.000
Bokn skyttarlag 3.000 3.000
Bokn sykkelklubb 18.000 18.000
Bokn Taekwon-Do Klubb 16.000 16.000
     
  §7-spesielt tiltak 10.000