Kulturmidlar 2018

Skjermbilde av Søknad om tilskot til kulturarbeid - Klikk for stort bilete

Fristen for å søka om tilskot til kulturarbeid (driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 15. april.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 09.03.2018

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.

Unngå stress

I fjor var første året med digitalt søknadsskjema. Det gjekk veldig bra, men enkelte av søkarane rapporterte om ei litt stressa stund, særleg når nokre av postane kunne mista data dersom det gjekk 20 min. utan aktivitet. Det som er lurt er å finna fram vedlegga som skal lastast opp FØR du går inn i skjemaet. Dette er:

  • Rekneskap 2017
  • Budsjett 2018
  • Medlemsliste pr. 01.01.18

Ein kan også lasta opp andre ting dersom ein ynskjer dette.

Velforeningane i kommunen og Petra fritidsklubb mottar automatisk årlege drifttilskot frå kommunen og treng ikkje søka.

Slik gjer du

Gå inn i søknadssenteret og velg skjemaet Søknad om tilskot til kulturarbeid. Dersom du ønsker å kunna mellomlagra søknaden din før du sender han inn, logger du deg inn først. Dette gjer du oppe til høgre på sida. Det enklaste er då å velga Logg inn med ID-porten (Bank ID) som dei fleste brukar i dag. 

Søknadsskjemaet er stort sett sjølvforklarande, men det er laga ei rettleiing til enkelte av punkta (PDF, 258 kB).

§ 7 - støtte til eit spesielt tiltak

Kr. 10.000,- går til eit spesielt tiltak. Midlane går til den søkjaren som Formannskapet meiner har den beste søknaden. Dette gjeld ikkje vanleg drift, men større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar.

Dei som søker om §7-midlar må hugsa på å kryssa av for dette i søknaden. Sjå rettleiinga for meir info.

Spørsmål om utfylling av søknadsskjemaet kan rettast til Jardar på kulturkontoret - 52752508 - 98221508.