Kulturmidlar 2015

KommuneblåKlubbe.jpg

Bokn formannskap fordelte i møte 9. juni årets kulturmidlar.

Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blei prioriterte.

Kr. 150.000 blei fordelte slik:

Gatebilklubben, Speidarane og Musikkorpset fekk det dei søkte om.
Båtforeningen, Røde Kors og Skyttarlaget fekk det same som i fjor.
Bedehuset, Historielaget, Mållaget og Pensjonistforeningen fekk ei auke i støtta si.
Bokn idrettslag fekk ein støttereduksjon.
Sykkelklubben fekk oppstartsmidlar.

§ 7 - støtte til eit spesielt tiltak:

Søkarar
Bokn båtforening - Gjestehamn/allmenning, moloen i Hålandssjøen.
Bokn Røde Kors - Innkjøp av Baby-Anne dukker til førstehjelpsundervisning for spedbarn og yngre barn.

 

 §7-midlane gjekk til Bokn båtforening: Gjestehamn/allmenning, moloen i Hålandssjøen.

Oversikt
Lag/organisasjon Fordeling 2014 Fekk 2015
Bokn bedehus 2.000 3.000
Bokn båtforening 3.000 3.000
Bokn gatebilklubb 10.000 10.000
Bokn historielag 1.500 3.000
Bokn idrettslag 66.000 53.500
Bokn KFUK-KFUM 25.000 30.000
Bokn musikkorps 15.000 15.000
Bokn mållag 1.500 3.000
Bokn pensjonistforening 1.500 3.000
Bokn Røde Kors 11.500 11.500
Bokn skyttarlag 3.000 3.000
Bokn sykkelklubb - 2.000
     
Bokn båtforening §7-spesielt tiltak 10.000