Kor er dåpskjolen?

Den etterlyste dåpskjolen: bildet tv. Magda Lygre, som var med i Bokn kyrkjeforening, held oldebarnet Bjørn Thuestad i 1981. På bildet th. ser me Jørgen Thuestad (1987) i same kjolen. Privat I starten på 1970-talet laga tidlegare Bokn kyrkjeforening ein dåpskjole på dugnad, som blei lånt ut til dei som ville bruka han. Nå spør kyrkjeverja og Ingjerd Ellingsen, som ynskjer å bruka kjolen 12. oktober; - kven kan ha han?

Leitinga har pågått ei stund, men dåpskjolen er ikkje å finna. Ingjerd Ellingsen, som har døypt alle ungane sine i dette klenodiet, håpar at denne etterlysinga kan hjelpa til med å at kjolen blir funnen.

Feil kjole

- Eg fekk ein telefon frå Jan Magne Moi om at kjolen var funnen, men det viste seg å vera ein annan kjole, seier ho, og hugsar at bestemora, Magda Lygre, var med å hekla den nye. Då hekla dei ein del (hjul) kvar før dei monterte alt saman til den kjolen, som altså nå er ein eller annan stad på Bokn.

Ho ynskjer å bruka den tradisjonsrike drakta i familien neste månad, og seier ho vil bruka den gamle dersom den rette ikkje dukkar opp.

Ta kontakt

Sist dåpskjolen blei brukt hjå familien Ellingsen/Thuestad var då Jørgen Thuestad blei døypt i 1987. Kyrkjeverja reknar med at nokon har brukt dåpskjolen etterpå, og seier at det hadde vore kjekt å låna han ut igjen.

Har du kjolen, veit om kven som kan ha han, eller hugsar kva tid han blei brukt sist, ta kontakt med kyrkjeverje Jan Magne Moi, Ingjerd Ellingsen, tlf. 98221511, eller kulturkontoret, tlf. 98221508.