Konfirmantpresentasjon

Jan Magne Moi Dagens konfirmantar samt 50 og 60 års-konfirmantar blei presenterte på gudstenesta 2. september.

Av Jan Magne Moi

50 års-konfirmantar, fv. Rigmor Søndeland Strøm, Eva Øvrebø Thorsen, Ingemund Daniel Are, Else Turid Berge Immerstein, Tone Marit Nedrebø Nordbø og Bjørg Elsa Trosnavåg Døskeland. Jan Magne Moi 60 års konfirmantane, fv. Peder Grønnestad og Ståle Trosnavåg i samtale med Arne Aurdal. Jan Magne Moi Det var ein flott bukett ungdomar, ni stykker. Kullet var ikkje så stort for 50 år sidan heller, men seks av åtte møtte. To 60 års-konfirmantar møtte også opp.

Sokneprest Arne Aurdal stilte spørsmål til den eldre utgave av konfirmantar og fekk fram både skjemt og alvor. 50 års-konfirmantane kunne mellom anna hugse at dei hadde fått godt over 300 kroner totalt i konfirmasjonsgåve.

Det vart ei flott gudsteneste der konfirmantane deltok med dramatisering av søndagens tekst samt teikningar til allsong og bøner til kyrkjebøna.