Då Bokn fekk sjølvstende

Bildet viser Boknatun, 14.03.20. - Klikk for stort bileteBoknatun, 14.03.20. Armand Svendsen

Her er Birger Lindanger si historie om då Haugalandets eldste kommune fekk sjølvstende.

Saman med Falnes

Det fyrste kommunevalet fann stad på hausttinget for Bokn 28. oktober 1837 leia  av fogden og lensmann Asseldal.  Lensmann Asseldal var det også som kalla inn dei valde til møte hjå gjestgjevar

Andreas Hansen i Åkrahamn. Tidleg fredag morgon drog eit lite fylgje boknarar: Torbjørn Larsson Nerabø, Ingebret Laupland, Torkel Jonsson Vatnaland og Lars Nilsson Sæbø mot Kopervik. Sidan var det å traska langs gangstigen over til Åkra, køyreveg fanst framleis ikkje her.

Bildet viser eit kvitt flag med kommunevåpenet og teksten Bokn kommune på. - Klikk for stort bilete Kyrre Lindanger

Vel framme kunne lensmannen orientera om koss nå Falnes prestegjeld nå var eit formannsskapsdistrikt – det vil seia eit eige herad. Men prestegjeldet var delt i fire sokn: Bokn, Ferkingstad, Falnes og Åkra. Sameleis blei det nye heradet delt i desse administrative einingane som alle skulle vera representerte både i formannsskap og heradsstyre. Dei to største sokna, Åkra og Falnes, skulle då ha to representantar i formannsskapet kvar og seks i heradsstyret medan Bokn og Ferkingstad fekk ein kvar i formannsskapet og tri i heradsstyret. Det innebar at heradsstyret fekk i alt 18 representantar og formannsskapet seks.

Sidan blei Torbjørn Nerabø vald som formannsskapsrepresentant frå Bokn medan gjestgjevaren, Anders Hansen, blei vald til ordførar og Jørgen Sandve til varaordførar. Slik var starten på det kommunale sjølvstyre som sidan har fungert.

Bokn var såleis bare representert med sjetteparten av det felles heradsstyret og formannsskapet for Skudenes herad. Men soknet fekk endå mindre å seia enn talet på representantar skulle tilseia. Eit viktig tilhøve var geografien. Ikkje minst var det krevjande fram til og med 1843 då møta blei halde hjå ordføraren på Åkra. Noko enklare blei det då ordføraren kom frå Skudenes og ein gjekk over til å halda møta der.

Lausrivinga

Likevel: Mellom Karmøy og Bokn låg det vêrutsette Karmsundet. Svært ofte ser me at boknarane var forhindra frå å møta både til heradsstyremøte og formannskapsmøte på grunn av vêret. Ei anna sak var at medan heile karmøydelen av heradet høyrde til Stangaland skipreide, høyrde Bokn saman med Tysvær til Hetland skipreide. Dessutan var Bokn i denne perioden både økonomisk og busetnadsmessig inne i ein rivande vokster. Medan folketalet i soknet låg på kring 730 i 1837, auka det til om lag 960 i 1850.

Dette gjorde at Bokn tidleg kom i tankar på å gjera seg fri frå Skudenes herad og Falnes prestegjeld. Initiativet kom likevel fyrst frå amtmannen. Den 9. november 1843 sende han eit brev til Skudeneshavn heradsstyre om at ein hadde planar å etablera eit nytt prestegjeld ved å skilja Tysvær ut frå Skjold prestegjeld og Bokn sokn frå Falnes prestegjeld.

Ein kommune for seg?

Ein snau månad blei brevet drøfta i heradsstyret der ein tykte dette var eit framifrå forslag, ikkje minst fordi boknarane blei mykje hefta av dårleg vêr. Med det starta lausrivingsprosessen. I perioden som fylgde, var spørsmålet om boknakyrkja og fråskiljinga av Bokn oppe på mest kvart heradsstyremøte. Nokre av dei blei også haldne i Bokn og nokre møte var i lag med heradsstyrerepresentantar frå Tysvær. I samband med at boknarane fekk ny kyrkje i 1847, blei soknet også slege saman med Tysvær sokn til eit nytt prestegjeld.

I september 1848 gjorde heradsstyret eit samrøystes vedtak om at når Bokn nå var rive laus frå Skudenes prestegjeld også når det galdt den verdslege lokalstyringa laut løysast frå karmøybygdene. Det blei vist til at det elles ville bli nokså tungvint og vanskeleg for boknarane og at dei helst burde får bli ein kommune for seg. Men frigjeringa frå Skudenes kommune førde til noko etterspel, særleg med omsyn til felles kommunal eigedom. Men det tok si tid, framleis fyrst på 1870-talet var det tingingar mellom dei to kommunane om fordelinga av verdiane, mellom anna bygningsmassen. Og fyrst vinteren 1874 blei bygdemagasinet delt mellom dei to kommunane noko som mellom anna førde til at Bokn laut leiga eit eige lagerhus. Då dei endeleg var samde, valde kommunestyret i april 1874 Rasmus Loden til å stå for leveringa av magasinkornet. Det som var att av magasinet i Skudenes kommune, blei gjort om til Skudenes og Åkra sparebank.

Den 8. september 1848 deltok Bokn sokn i det siste felles heradsstyremøtet med resten av Skudenes herad. Her blir det søkt amtet om at når Bokn sokn nå blir lagt til eit anna prestegjeld at det også ”maatte komme til at udgjøre sin egen Commune adskilt herfra”. Møtet er mellom anna signert Augustinius Søndeland, Daniel Trosnevog og Lars Lodden, alle med ført penn.

Eit vanskeleg fellesskap

I løpet av året som fylgde, blei det ikkje kalla inn heradsstyremøte med Skudenes, men den 18.desember 1849 blei det halde eit felles kommunestyremøte med Tysvær.  Temaet var resultat av at Bokn og Tysvær nå var eit prestegjeld. På den eine sida var boknarane med på å ta ansvar for presteskyssen, på den andre sida nekta dei plent å yta noko til bygginga av den nye prestebustaden i Tysvær. Dei var også lunkne til å delta i bygginga av ein ny veg frå Tysværvåg til Slåttevik som trongst for at presten skulle koma seg til Bokn vinterstid. Presteskyssen skulle sidan bli eit stadig tilbakevendande konfliktpunkt mellom dei to kommunane i mannsaldrane som fylgde – og langt inn på 1900-talet.

Sidan heldt formannsskapsmøta med Skudenes fram som før, i alt fem i talet. På det siste som blei halde 22. november 1849 var dei mest opptekne av den vanskelege skabbsjuka på sau. Lars Loden møtte for Bokn, og det blei sett ned ei eiga skabbsjukenemnt som skulle ta fatt i problemet. Vidare blei det etablert eit nytt fattigstyre med Kristoffer Øvrabø som styrar, Ole Nerabø som tilsynsmann og Ingebret Laupland som rodemeister. Endeleg blei det vald ny ordførar og varaordførar for det som var att av heradet.

Men tanken var jo at Bokn skulle bli ein eigen, uavhengig kommune. Det var då semje om at han skulle ha tolv representantar og eit formannsskap på tri. Det blei halde val, og kring kvar sjette veljar blei røysta inn i det fyrste kommunestyret for Bokn. Desse blei valde i denne rekkefylgja: Lars Loden, Daniel Trosnavåg, Anders Kro, Lars Vatnaland, Tomas Are, Ingebrekt Are, Bjørn Nerabø, Lars Håland, Peder Torland, Henrik Økland og Roald Jøsang.

På eigne bein

Frå 1. januar 1850 skulle Bokn stå på eigne bein. Den 18. mars 1850 - etter at sildefisket var over - kalla Bokn formannskapsrepresentant, Lars Loden, representantane til møte i tristovehuset til ”Larsen i Vigjå - for å velja nytt formannsskap, ordførar og varaordførar.

På Bokn – som elles i Rogaland – leit dei mest på eigne krefter. På Austlandet blei mest alltid presten vald som den fyrste ordføraren, og mange stadar tok dei det som gitt at det måtte bli han. I Rogaland var det annleis enn på Austlandet. Ein inngrodd skepsis til embetsmennene gjorde at bøndene helst valde ein av sine eigne til ordførar. Ofte blei ikkje prestane røysta inn i kommunestyret ein gong. Sidan Bokn ikkje husa prestar, var det sjølvsagt ikkje aktuelt. Men heller ikkje i nabokommunen Tysvær blei ein prest vald meir enn ein gong, og då for bare tri år, perioden 1852 til 1854.

Bondeleiarane hadde samarbeidd med embetsmennene og hadde lang røynsle med lokal styring via fattigstyre, skulekommisjon og bygdeting. Det mangla ikkje på lyst hjå seinare prestar – og lærarar – til å få dette vervet. Me veit om lærarar som gjorde ein kjempeinnsats for bygda, og som gav uttrykk for at dei søkte dette øvste politiske vervet. Det nytta ikkje, bygdefolket valde sine eigne.

Den fyrste ordføraren

Som ordførar peika dei ut Lars Rasmusson Loden og til varaordførar Daniel Trosnavåg. Lars kom frå ein sær gåverik familie frå Loden. Foreldra var rennesøybuen Rasmus Hanasand og Berta Serina Roaldsdotter frå Loden. Dei gifta seg i 1812 og fekk fram til i 1830 seks born, fire gutar og to jenter. Rasmus og Berta Serina delte sidan, kring 1840, Loden i tri mellom Hans, Lars og Roald.

Bildet viser den fyrste ordføraren, Lars Rasmusson Loden. - Klikk for stort bileteDen fyrste ordføraren, Lars Rasmusson Loden. Ukjent

Desse tri var aktivt med i kommunepolitikken og blei valde inn i heradsstyret. Attåt Lars som sat i to periodar som ordførar, sat Hans ei tid som varaordførar og fungerte også ei tid som ordførar. Også den fjerde broren, Rasmus, var om seg og for seg og dreiv mellom anna handel på Jøsen, den fyrste krambua i denne delen av bygda. Slik hadde Lars gode samtalepartnarar og støttespelarar hjå syskena sine. Lars kom elles til verda i 1815 og var såleis 33 år då han fyrste gongen i 1848.

Som sin næraste støttespelar hadde Lars også den velståande Daniel Trosnavåg. Han var av den gamle trosnavågslekta med røter tilbake til «Tordenskjold matros» og med eit omfattande nettverk og ressursar nok til å fylgja etter Lars som ordførar. I det heile hadde begge desse gode kvalitetar til å ta hand om den nyskapte kommunen.

Kommune på dugnad

Dei tri fyrste tiåra med kommunestyret såg bygdepolitikarane det som si oppgåve å halda eit så fast tak kring pengesekken som råd. Det galdt om ikkje å betala ut meir enn det dei var pålagde etter lova. Kvar skulle greia seg sjølv og ikkje liggja samfunnet til bør. Resultatet var mellom anna at den kommunale administrasjonen var skoren ned til eit minimum.

Administrasjonen dei hadde å hjelpa seg med, var minimal. Full tids tilsette i kommuneadministrasjonen kom ikkje før i etterkrigstida. Før den tida sto for det fyrste ordføraren for bygdestyret. Det var han som førde formannskapsproto-kollane og tok seg av brevvekslinga. Det var difor eit krav at Lars Loden og dei andre som skulle ha dette vervet, var skrivekunnige. Midt på 1800-talet var det ikkje sjølvsagt at alle i formannsskapa kunne skriva. I 1850 kunne bare ordføraren i formannsskapet den kunsten. Og dei aller fleste kommunestyrerepresentantane signerte møteprotokollane med påhalden penn. Det var fyrst frå kring 1860 at dei fleste borna lærde å skriva og  rekna.

Kommunekasseraren

Eit omfattande administrativt arbeid låg og på likningskommisjonen. Politikarane laut for det meste utføra gratisarbeid. Den einaste funksjonæren tilsett av kommunen, var kasseraren. På deltid tok han seg av dei kommunale rekneskapa. Lars Loden var rekneskapsførar frå 1851, men blei i 1866 avløyst av Mons i Vigjå. I tillegg laut han føra korrespondansen for fattigkommisjonen.

Sjølv om dei ikkje var kommunalt tilsette, hadde både lensmann og prest kommunale oppgåver. Boknarane laut som kjent dela dei med tyværbuen og sidan dei budde utanfor bygda, kunne dei heller ikkje veljast inn i kommunestyret.

Presten

Ikkje minst hadde presten viktige oppgåver som også greip inn på det verdslege området. Han sat som formann og sekretær for skule- og og fattigkommisjonen. I Bokn hadde han desse verva til i 1837, sidan valde kommunestyret leiarane. Ei anna sentral rolle som låg på presten, var å føra kyrkjebøkene og å organisera folketeljingane. Gjennom dette fungerte han som eit folkeregister der han heldt greie på kva boknarar som gjekk inn og ut av verda og av flyttingar til og frå. Dessutan låg det på presten å skriva ut attestar til dei som skulle flytta. 

Lensmannen

Lensmannen administrerte – med sorenskrivar og fut som overordna – lov og rett. Han kalla inn møta på tinget, hadde ansvaret for mellom anna å leia utskiftings- og skylddelingsforretningar. Det låg også på han å halda oversyn over den økonomiske utviklinga i bygda og kvart femte år rapportera det vidare til futen. Dessutan hadde han ansvaret for vegane.

Kommuneøkonomien

Aktiviteten til kommunen midt i siste helvta av 1800-talet let seg  ikkje samanlikna med den moderne kommunen. Bygda sto framleis med eit bein i naturalhushaldet, noko som prega den kommunale økonomien. I 1871 var heile kommunebudsjettet på bare 2500 kroner. Det svara til kring 150.000 2017-kroner eller 140 kroner på kvar boknar. Dette medan kommunebudsjettet i 2017 låg nær 100 millionar. Kommunebudsjettet for dryge 100 år sidan låg såleis på to promille av nivået i dag – også i forhold til folketalet.