Klar for ei utfordring?

Illustrasjon Tall Ships Races

I sommar kan du segla ein etappe i The Tall Ships Races! 

Tall Ships Race-logo

Bokn kommune ynskjer å bidra til at unge boknarar kan få oppleva å vera ein del av livet om bord på ei seglskute sommaren 2017, dette i regi av, og som ein forsmak på, The Tall Ships Races Stavanger 2018 der Stavanger nok ein gong skal vera vertshavn for regattaen. Ungdom mellom 15- 25 år vert oppfordra til å søkja. Det vil verta trekt 2 deltakarar blant søknadane som oppfyller søknadskriteria.

Send søknad til anne.elisabet.askeland@bokn.kommune.no innan 30. mai 2017.

(NB! Kort frist).

Søknaden innehalde:

  • Fornamn
  • Etternamn
  • Adresse (søkjar må ha adresse i Bokn kommune)
  • Mobilnummer
  • E-post adresse
  • Fødselsdato ≠Hvis du er under 18 år, krev deltakinga som medseglar godkjenning av foresatte. Akseptbrev blir sendt ut på eit seinere tidspunkt.
  • pråk (norsk, engelsk, andre)
  • Kort beskrivelse av korleis nettopp DU vil representera Bokn kommune, godt samarbeid og godt sjømannskap, på ein god måte under seilasen. 

Kven kan søkja om å vera med?

Alle kan vera med – du treng ikkje å ha seglarerfaring frå før, men må vera ved normalt god helse.

Når og kor kan eg segla?

Du kan bli med som medseglar  i The Tall Ships Races allereie sommaren 2017. Denne sommaren kan du segla i Østersjøen, på etappen som går frå Turku i Finland til Klaipeda i Litauen frå 23. – 28. juli. Avreise Stavanger-Turku og ombordstigning er laurdag 22. juli, med utsegling søndag. Etter 5-6 dager i Østersjøen vil du koma til Klaipeda og få vera med på den store byfesten og Crew Party før heimreise  31. juli.

Av_Og_Til_Uten_Alkohol_logo

The Tall Ships Races organiserer transport til og frå vertshavnene, og det vil vera vaksne kontaktpersonar i vertshavnene, som følger opp deg og andre medseglarar frå regionen.

Kva skute kan eg segla med?

The Tall Ships Races vil finne den skuta som passar best for deg. Det vil blant anna verta tatt hensyn til alder, kjønn, tidlegare seglarerfaring osv. I 2017 kan du segla med dei norske skutene Sørlandet og Statsraad Lehmkuhl, som du kan fylgje på facebook og lese mer om på deres nettsider.

Kva kostar det?

Er du ein av dei som vert trekt ut til å delta med utgangspunkt i denne invitasjonen, er deltakinga GRATIS. Eigen reiseforsikring er påkrevd.

Invitasjon frå Bokn kommune om å søkje om å delta, er i samarbeid med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på 95 94 59 08 eller på anne.elisabet.askeland@bokn.kommune.no

NB. Med forbehold om endringar.

Illustrasjon Tall Ships Races